1. juli: Voss-Bergen, Bergen-Hirtshals

Starta frå Voss i god tid, +11 grader og litt regn. Ser fram til litt varme nedover i Europa.

Innsjekk og parkering på Stavangerfjord gjekk fint. Båten gjekk frå Bergen på rute kl. 13:30. Vi har rusla litt rundt på båten, sete framme på dekk 7 og sett på utsikta. Lugaren har utsikt rett akterover (bilete). No ventar buffét kl. 19:30.

Fekk plass bakerst på hekken i «glasshuset», fint og luftig men litt kaldt. Vi blei geleida til bordet og fortalt kor alt var plassert av ein hyggjeleg ung danske.

Starta med sjømat:

Deretter kjøtretter:

..og til slutt litt softis/dessert og kaffi:

Båten la frå kai i Stavanger ca. 30 min. forseinka grunna sein bunkring.

No slappar vi av på lugaren og håpar på ei god natt med søvn så vi er utkvilde til å køyre gjennom Danmark imorgon….

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *