Idag køyrde vi heile Danmark på langs, med stopp i Ribe.
Det var ein fin og koselig by, og vêret var ganske bra då vi stoppa der.
Elles var det overskya, regnbyger og 13-14 grader idag. Vi køyrde utanom motorveg. Usikker på kor smart det var. Vart mykje ekstra nedbremsing for rundkøyringar og fartsdumper/småbysentrum. No er bremsene dårlege, så må nok finne eit bilverksted imorgon.
Vi kom til Scandinavian Park (handelssentrum) ved Flensburg ca. 16:30. Ville ta ut Euro og handle litt, samt få tak i miljømerke som ein må ha på bilen i eindel byer/områder i Tyskland. Snakka med ein danske i kassa inne på senteret og fekk vite at vi måtte innom bilverksted eller Tüv (vegvesenet) for å få tak i dette. Vi heiv oss i bilen for å rekke næraste Tüv som var ope til 17. Gjekk med eit nødskrik (to minutt på 17) etter å ha køyrt i ring i nokre boligfelt og industriområder grunna trøbbel med telefon/kartoppdatering. Fekk etterkvart merket med eitpar eldre (på min alder) karar. Eg hadde då ikkje kontanter, men han sa berre versågod. Ville nok få meg ut døra….
Så bar det vidare til Citti-Park som er eit anna kjøpesenter. Fekk ut litt Euro og handla litt. Køyrde så eit lite stykke lenger sør og fann ein bobilparkering ved eit lite landsbyhotell. Tek kvelden her, og ser kva morgondagen bringer.
Gode bremser er viktige, høres ut som morgendagens prosjekt! Godt dere fikk tak i miljømerket i alle fall. Sov godt 🥰
Kjekt å følgje dokke på vegen. Fekk link hos Lisebeth😀 Flinke de. Lurer på kvar de er no. Framleis god tur sørover!
Astrid