Her er nokre glimt frå dagen idag. Starta med å køyre frå Langstedt etter frukost litt over 9, og til eit Peugeot verksted som eg fann på nettet igår kveld. Var kun 17 km. å køyre.
Fekk kjempeservice og gratis lån av ein varebil mens vi venta på deler og fiks av bremser! Drog til Schleswig og deretter til Haithabu vikingmuseum like ved. Tilbake og henta bilen kl. 15.
Køyrde så motorveg sørover. Dama i Google maps tipsa oss om raskare rute, men leda oss til rushkø gjennom heile Hamburg! Neste «tips» blei ignorert, men vi havna i kø på motorvegen. Mykje vegarbeid og dårleg dekke, samt ein trailer som hadde køyrd utfor vegen.
Kom oss til slutt til Hildesheim og parkering for natta rundt kl. 21.
God natt!
Artig å følge. God tur og kjør fint.